«Pekka» fekk prisen

Det er tredje gong han er i finalen til Forsvarets veteranpris. I år vann endeleg Per Christian «Pekka» Jacobsen.

​ ​​​​​​​​​​​​​​Forvaret stifta veteranprisen i 2013, og kvart år sidan har forsvarssjefen delt ut prisen. Prisen går til personar eller organisasjonar som har gjort ein ekstra innsats for norske veteranar. 

Kvart år har Per Christian Jacobsen, betre kjend som «Pekka», vore blant finalekandidatane. I år var det han som fekk ta imot prisen av forsvarssjef admiral Haakon Bruun-Hanssen på scena under veterankonferansen i Trondheim​.

takknemleg

Det var ein glad prisvinnar som tok imot prisen torsdag føremiddag.

– Prisen inspirerer meg til å fortsetje å jobbe, og vise at det vi gjer nyttar, sa Pekka frå scena.

I takketalen trekte Pekka fram alle som jobbar saman for veteranane.

– Utan alle andre får ikkje eg gjort noko. Eg er veldig takknemleg overfor alle dei som samarbeider, både i og utanfor Forsvaret, for våre veteranar.

årelangt arbeid

Pekka tenestegjorde i Bo​snia-Hercegovina i 1993–1994, og har i åra etter nærmast blitt ein institusjon i veteranmiljøet. Gjennom sitt personlege engasjement har Pekka vore ei kjærkomen og personleg støtte for mange av sine veterankollegaer. ​​


Per Christian «Pekka» Jacobsen.

49-åringen har lagt ned eit stort arbeid for veteransaken, ikkje minst gjennom etableringa av veteranane sin motorsykkelklubb Norway House i Lommedalen, og i organisasjonen Veteran møter veteran.

Rekordmange​ forslag

Priskomiteen har fire representantar frå Forsvaret og to sivile representantar – Anniken Huitfeldt og Jon Michelet. I år fekk komiteen over hundre forslag, fordelt på 25 kandidatar. Alle forslaga gler Forsvarets veteraninspektør Tom Guttormsen. 

– Det syner at det er mange som legg ned eit viktig arbeid for og med veteranar og familiane deira. Som vanleg hadde vi ingen lett jobb, for det var mange gode kandidatar, seier Guttormsen​.

Det er tredje året Forsvaret deler ut prisen. I 2013 delte Forsvaret ut to prisar, til Terje Sæterbø og Jon Ivar Kjellin. I 2014 fekk Petter Kjendlie prisen.

 

Admin - login

 

 

Norwegian Veterans Motorcycle Club - © 2012